general

Kysttoktet i desember: Masse, men skrinn ungsei

NRK Nordland • 29 Apr 2026, 09:35

Kysttoktet i desember: Masse, men skrinn ungsei
Kysttoktet i desember viser at det er uvanleg mykje ungsei langs kysten, men at fisken er uvanleg mager. Det skriv Havforskingsinstituttet som viser til ein ny toktrapport. Dei peikar på at dei sterke årsklassane frå 2021 og 2022 truleg konkurrerer om for lite mat, noko som gir rekordlåg vekt hos 3–4 år gamal sei. – Den låge vekta kan vere ein effekt av at seien er så mange som konkurrerer mot kvarandre, såkalla tettheitsavhengig vekst. Vi har sett teikn til dette før ved sterke årsklassar, men ikkje i same grad. Det seier havforskar Arved Staby. Forskarane meiner at både intern konkurranse og lite plankton i Norskehavet kan vere årsaker. Samtidig er det framleis eit mysterium kvar storseien har blitt av, noko som uroar både forskarar og fiskarar.
Les originalartikkelen
Mere fra NRK Nordland

Relaterte artikler etter nøkkelord