general
Trafikkstyringssentral i Bergen blei evakuert
NRK Toppsaker • 22 May 2026, 10:10
Siste: Situasjonen er no avklart, opplyser brannvesenet til NRK.
Det var Bane Nor som opplyste til VG at trafikkstyringssentralen blei evakuert, og at all togtrafikk blei stansa i føremiddag.
Klokka 10:15 opplyser brannvesenet til NRK at det blei utløyst ein brannalarm grunna røyk etter matlaging i ein butikk.
Alarmen er no tilbakestilt, og evakueringa oppheva, opplyser brannvesenet.
Toga går igjen som normalt.
– Det er vanleg drift att, seier operasjonsleiar Jan Børge Misje i politiet til NRK.
Trafikkstyringssentralen i Bergen styrer togtrafikken på Sørlandsbanen og Bergenbanen (inkludert Arendalsbanen og Flåmsbana).
Les originalartikkelen