general
Natt til sundag
NRK Nordland • 24 May 2026, 08:33
Natt til sundag vart det bråk på fleire utestader i Nordland.
I Bodø sentrum fekk politiet melding om at ein gjest på ein utestad hadde med seg peparspray. Då politiet kom til staden hadde gjesten kvitta seg med sprayen. Personen vart vist vekk frå sentrum.
I eit anna tilfelle vart politiet kontakta av ein vektar ved ein utestad. Ein gjest skal ifølgje politiet, ha vore aggressiv og nekta å forlate utestaden. Personen hadde ikkje legitimasjon og vart tatt med til arresten for å få fram dette.
Svolvær i Lofoten fekk politiet melding om ein gjest som ikkje var ynskja på ein utestad. Ifølgje politiet, forstod vedkommande alvoret då politiet dukka opp. Personen måtte forlate Svolvær sentrum til kl. 8, melder Nordland politidistrikt, natt til sundag.
Les originalartikkelen