general

Sortlandsrussen heidra for arbeid med trafikktryggleik

NRK Nordland • 09 Jun 2026, 13:29

Sortlandsrussen heidra for arbeid med trafikktryggleik
Russen ved Sortland vidaregåande skule har fått heidrande omtale, blomar og ein gavesjekk på 10. 000 kroner frå Nordland fylkes trafikksikkerhetsutvalg (NFTU). Det opplyser fylkeskommunen i ei pressemelding. Ungdommane får prisen for sitt sterke engasjement for trafikktryggleik, etter at dei blant anna arrangerte ei minnemarkering ved Sortland kyrkje for personar som har mista livet i trafikken. – Russen ved Sortland vidaregåande skule har gitt eit viktig bidrag i arbeidet med nullvisjonen vår. Og det har dei gjort i ei svært vanskeleg tid, seier nestleiar i NFTU, Beate Bø Nilsen. Russen var opphavleg nominert til den offisielle Trafikksikkerhetsprisen, men fall utanfor kriteriet om systematisk arbeid over fleire år. NFTU valde likevel å gi russen ekstra ros for det viktige initiativet. – Det er inspirerande å sjå ungdom ta leiarskap i ei så viktig sak. Med det tragiske bakteppet for dette engasjementet, håpar vi at sortlandsrussen sine haldningar kan smitte til heile regionen, seier leiar i NFTU, Richard Dagsvik.
Les originalartikkelen

Relaterte artikler

Sortland-russen hedres for sitt initiativ
NRK Nordland • 08 Jun 2026, 10:10