general

Haaland-scoringar fekk Bergen til å riste

NRK Toppsaker • 23 Jun 2026, 03:45

Haaland-scoringar fekk Bergen til å riste
Då Noreg slo Senegal 3-2 i natt, gav jubelen målbare utslag på seismometeret ved Universitetet i Bergen. Instrumenta registrerer ikkje berre jordskjelv, men og vibrasjonar frå menneskeleg aktivitet. Den seismiske stasjonen i Bergen registrerte tydelege signal under kampen. Dei største utslaga samanfall med scoringane til Marcus Holmgren Pedersen og Erling Braut Haaland, opplyser Norsk Nasjonalt Semisk Nettverk. Dersom fleire reagerer samtidig under store sportsaugeblikk, kan dei samla rørslene skape vibrasjonar i bakken. Haaland scora to gongar under kampen. Noreg sin siger mot Irak tidlegare i VM, registrerte og utslag i Bergen.
Les originalartikkelen

Relaterte artikler etter nøkkelord