general

Rår frå bading på populær Lofotstrand

NRK Nordland • 10 Jul 2026, 18:28

Rår frå bading på populær Lofotstrand
Det er åtvara mot å bade i nærleiken av ein bekk ved den populære Hauklandstranda i Vestvågøy kommune i Lofoten, melder kommunen. – Kommunen rår frå bading i heile bekken som renner ned mot Hauklandstranda, inkludert området ved utløpet der bekken møter havet. Dette er eit populært område for dei minste å bade, men kommunen anbefaler no å ikkje bade her. Grunnen er at kommunen har funne høge verdiar av såkalla koliforme bakteriar i ein bekk som renn ned til stranda. Desse bakteriane er ofte å finne i avføring frå husdyr og menneske. E.coli bakterien er ein slik bakterie. – Koliforme bakteriar er ei stor gruppe bakteriar, der mange kan vekse både i vatn og jordsmonn, og i tarmen hjå dyr og menneske, står det på Mattilsynet sine sider. Kommunen vil vidare sette opp plaktar på stranda og vil undersøke kjelda til forureininga.
Les originalartikkelen

Relaterte artikler etter nøkkelord