general

Noregs Mållag startar opp i Lofoten og Vesterålen

NRK Nordland • 30 Mar 2026, 12:07

Noregs Mållag startar opp i Lofoten og Vesterålen
I førre veke hadde Noregs Mållag oppstartsmøte i Svolvær for det nye lokallaget sitt i Lofoten og Vesterålen. Dette melder Noregs Mållag på Facebook. Responsen var god, då 15 personar møtte opp. Laget har no 25 medlemmer. Den nye leiaren i laget er Vemund Norekvål Knudsen. Martin Arntzen er vald som skrivar, medan Solveig Øye Bjørdal, Peter-André Pliassov og Esben Nedrebø er nye styremedlemmer.
Les originalartikkelen

Relaterte artikler etter nøkkelord