general
Bubil av vegen i Lofoten
NRK Nordland • 22 Jul 2026, 18:13
Ein bubil har køyrd av vegen ved Gimsøystraumbrua i Vågan kommune i Lofoten.
Ulukka har skjedd på Svolvær sida av brua.
– Bilen står på alle fire hjul og inntil ein fjellvegg, melder politiet.
Det skal vere to personar i bilen og ikkje meldt om alvorlege personskadar.
Politiet og ambulanse er framme på staden.
Dei involverte blir undersøkt av ambulansepersonell.
Les originalartikkelen