general

«Markens grøde» til stor festival

NRK Nordland • 28 Jul 2026, 12:10

«Markens grøde» til stor festival
Regissør Hans Petter Moland er invitert til hovudkonkurransen under den prestisjetunge filmfestivalen i San Sebastián med den nye filmen sin, «Markens grøde». Invitasjonen kjem kort tid etter at det vart kjend at Molands Hamsun-filmatisering får verdspremiere utanfor konkurranse på filmfestivalen i Toronto. – Saman gjev dei to festivalinvitasjonane «Markens grøde» ein framtredande plass på den internasjonale festivalscena i haust, skriv Norsk filminstitutt i ei pressemelding. NFI-direktør Kjersti Mo legg ikkje skjul på kva dette tyder for den norske regissøren. – Dette er ei stor anerkjenning av Hans Petter Moland sitt kunstnarskap, og av alle som har vore med på å skape filmen, seier Mo.
Les originalartikkelen

Relaterte artikler etter nøkkelord