general

Mann i 30-åra funnen død i Bremanger

NRK Toppsaker • 02 Aug 2026, 07:44

Ein mann i 30-åra vart funnen livlaus i Kalvåg i Bremanger grytidleg søndag morgon. Livreddande førstehjelp vart forsøkt, men livet sto ikkje til å redde. Mannen hadde vore på fest kvelden før. I 5-tida fekk politiet bekymringsmelding frå ein kamerat som ikkje fekk tak i han. Ein stor leiteaksjon vart starta, der alle nødetatar og redningshelikopter vart sendt til området. – Mannen vart funnen på nedsida av ein fjellskrent som er fleire meter høg, over 10 meter. Det fremstår som om mannen har falt utfor og døydde som følge av fallet. Det var ingen vitne til sjølve ulykka, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i politiet. Det var venner og familie av mannen som fant han. Han budde i området. Ingen ting tydar på at noko straffbart har skjedd. Dei nærmaste pårørande er varsla.
Les originalartikkelen

Relaterte artikler etter nøkkelord