general
Rekordmange unge vil fiske
NRK Nordland • 20 Aug 2026, 09:53
Ungdomsfiske i sommar har sett ny rekord i antal deltakarar og omsetning, skriv Kyst og Fjord.
På to månader fiska 779 ungdommar i Råfisklagets område – frå Finnmark til Nordmøre, for over 18 millionar kroner. Aldersgruppa 11–15 år var dei som leverte størst kvantum.
– Vi har sett ein forsiktig vekst i ungdomsfisket over tid, men årets sesong skil seg verkeleg ut, seier statistikkanalytikar Brynjar Torsteinsson i Noregs Råfisklag til avisa.
Målet med ordninga er å gi unge mellom 12 og 25 år langs kysten ein inngang til fiskeriyrket.
Les originalartikkelen