general
Ringerike Panthers slo Narvik Arctic Eagles 4–1 på heimebane
NRK Nordland • 19 Sep 2026, 19:56
Ringerike Panthers slo Narvik Arctic Eagles 4–1 i på heimebane i Schjongshallen i Hønefoss laurdag.
Målvakt for Ringerike Panthers, Trym Gran var sentral då han, ifølgje Ringerikes Blad, måtte handtere fleire skot frå det nordnorske laget.
Gran har tidlegare spela for Narvik i slutten av sist sesong.
Han seier til avisa at det var spesielt å møte sine tidlegare lagkameratar på isen i kveld.
– Det er alltid spesielt å møte folk ein har kriga med før. Me er gode kameratar med dei, og det er litt ekstra morosamt å vinne mot dei, seier han til avisa.
Les originalartikkelen