general

Styrker tilbodet for dei med tannlegeskrekk i Lofoten

NRK Nordland • 16 Apr 2026, 09:28

Styrker tilbodet for dei med tannlegeskrekk i Lofoten
Nordland får 10,7 millionar kroner for å bygge ut tilbodet til personar med alvorleg tannlegeskrekk og til dei som har vore utsette for tortur og overgrep, skriv Lofotposten. Pengane går til ordninga for tilrettelagd tannbehandling, som vart kraftig styrkt i budsjettet for 2026. I fylket er det no fem tverrfaglege team med psykolog og tannhelsepersonell, mellom anna ved tannklinikkane i Vestvågøy, Sortland, Narvik, Bodø og Rana. Målet er å gi pasientar med sterk angst eit tryggare og meir tilpassa behandlingstilbod. Mellom 2,5 og 5 prosent av vaksne i Noreg slit med alvorleg tannlegeskrekk, og dei nye midlane skal bidra til at fleire tør å oppsøke nødvendig tannbehandling.
Les originalartikkelen

Relaterte artikler etter nøkkelord