general
Barnevernet i Meløy får fleire krevjande saker
NRK Nordland • 22 Apr 2026, 07:42
Barnevernet i Meløy fekk i 2025 fleire krevjande saker, samtidig som bemanninga var låg, skriv avisa Kulingen.
Likevel held dei alle lovpålagde fristar, viser ein ny tilstandsrapport.
Fleire familiar treng hjelp, særleg knytt til psykisk helse og rus, og barn risikerer å falle mellom to stolar når hjelpetenestene ikkje fungerer godt nok saman, står det i rapporten.
Mangelen på eigne tiltak gjer òg at kommunen må kjøpe dyre tenester.
Samtidig får barnevernet ros frå Statsforvaltaren etter tilsynet som vart avslutta i 2025. Kommunen arbeider no med ein ny førebyggande plan.
Rapporten skal bli behandla i driftsutvalet denne veka.
Les originalartikkelen