general

Hadsel SV lanserer fystekandidat

NRK Nordland • 25 May 2026, 09:31

Atle Nielsen er innstilt som Hadsel SV sin fyrstekandidat før neste kommuneval. Det kjem fram i ei pressemelding frå Hadsel SV, melder Bladet Vesterålen. Nielsen var fyrstekandidat ved valet i 2023, då SV auka plassane i kommunestyret frå éin til to. – Eg takkar så langt for tilliten frå styret og nominasjonskomiteen og er veldig motivert for å gå på ein ny runde med valkamp som fyrstekandidat, om eg blir vald, seier Atle Nielsen i pressemeldinga, skriv Bladet Vesterålen. Partiet planlegg eit nominasjonsmøte i slutten av juni.
Les originalartikkelen
Mere fra NRK Nordland

Relaterte artikler etter nøkkelord