general
Set av éin million til betre kollektiv på tvers av fylkesgrensa
NRK Nordland • 10 Jun 2026, 12:38
Fylkesrådet vil styrke kollektivtilbodet i Ofoten og mot Troms, skriv dei i ei pressemelding.
– Vi skal rydde opp i hindringane for eit godt kollektivtilbod. Det er jo ingen grunn til at fylkesgrensa til Troms skal vere eit hinder for å utvikle samferdselen i heile regionen.
Det seier fylkesrådsleiar, Marianne Dobak Kvensjø i Høgre.
Både innbyggarar og næringsliv har løfta fram ei rekke utfordringar, som manglande samordning av rutetider og bilettsystem.
Derfor set dei no av 1 million kroner til ei utgreiing av kollektivtilbodet i Ofoten og grensekommunane mot Troms.
Denne skal gi eit kunnskapsgrunnlag for forbetring.
Les originalartikkelen