general

Kritisk trua artar på havbotnen femdobla

NRK Nordland • 10 Jun 2026, 13:02

Kritisk trua artar på havbotnen femdobla
På fem år er talet kritisk trua artar på havbotnen femdobla, skriv Havforskingsinstituttet. Det viser siste utågve av FN sin Verdshavsrapport. – Utan botndyra vil ikkje hava våre fungere, seier havforskar Lis Lindal Jørgensen. Botndyr er fellesnamnet på dei talrike organismane som lever på havbotnen, som korallar, sjøstjerner, krabbar og børstemakkar. Alle desse blir i aukande omfang påverka av menneskelege aktivitetar. Forskarane peikar på at det framleis er store kunnskapshol når det gjeld artsmangfaldet. – Nye næringar som gruvedrift på havbotnen kan også gje nye utfordringar, seier Jørgensen.
Les originalartikkelen

Relaterte artikler etter nøkkelord