general

No blir 18 nye skogområde i Nordland verna

NRK Nordland • 19 Jun 2026, 09:49

No blir 18 nye skogområde i Nordland verna
Regjeringa vernar i dag 18 viktige skogområde i Nordland fylke. I områda lever uvanleg mange truga artar, deriblant artar som Noreg har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på for framtida, heiter det frå regjeringa. Dette er eit heilt konkret tiltak som vil bidra til at truga artar kan overleve, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen. – No sikrar vi viktig og til dels unik skog i Nordland for framtida. Samstundes skal ikkje vernet ha vesentleg negativ konsekvens for lokal næring, seier han. Vernevedtaket for Nordland omfattar 46,6 km 2 nytt verneareal der ca. 26 km 2 er produktiv skog. – Vi planlegg og vern av ei rekkje andre viktige skogområde i løpet av 2026, og eg er særskilt glad for at så mange skogeigarar frivillig vel å verne skogen, seier klima- og miljøministeren.
Les originalartikkelen

Relaterte artikler etter nøkkelord