general

Sparebank 1 Nord-Norge opnar for VM-spleiselag i Bodø

NRK Nordland • 07 Jul 2026, 15:01

Sparebank 1 Nord-Norge opnar for VM-spleiselag i Bodø
Sparebank 1 Nord-Norge betaler rekninga for arrangementet i Tromsø, men i Bodø har ikkje nokon melde seg enno, fortel banksjefen. – Me er i utgangspunktet positive til å bidra til fotballfest i Bodø, som skal vere rusfritt og gratis, seier Kristian Haubakk, banksjef i Sparebank 1 Nord-Norge Bodø. Men han fortel at dei ikkje vil vere hovudarrangørar. Kulturminister Lubna Jaffery har tidlegare sagt at ho ynskjer ei gratisvisning av Noreg-England i Bergen kommune. – Mi vinkling til Kulturministeren er at eg lei av rikspolitikarane som skapar forventingar til kommunar, seier Odd-Emil Ingebrigtsen (H) Utspelet frå Jaffery får han til å reagere. Han har skrive eit innlegg på Facebook der han kritiserer Jaffery sitt utspel. – Eg meiner dette skapar forventingar til kommunar om å bidra, me i Bodø kommune har ikkje midlar til å vere arrangør, seier Ingebrigtsen. Vidare fortel han at kommunen har idrettshallar som kan brukast til slike arrangement, men Bodø kommune kan ikkje vere arrangør.
Les originalartikkelen

Relaterte artikler etter nøkkelord