general

Risikerer fengsel etter brannar i Lofoten

NRK Nordland • 27 Jul 2026, 11:02

Risikerer fengsel etter brannar i Lofoten
I juli i fjor vart Lofoten rysta av fleire brannar. Mellom anna gjekk 60 kar med tørrfisk til ein verdi av rundt ein million kroner med i ein brann. Tre dagar seinare brende det i eit kapell på kyrkjegarden, og deretter i eit vedskjul ved eit busett hus. No må to tyske menn i 20-åra møte i Salten og Lofoten tingrett 10. august, tiltalte for å ha stått bak brannane. De to blei pågripne av politiet, etter at lokalbefolkninga engasjerte seg og omringa to turistar dei mistenke for å stå bak brannane i området. Dei to var i Lofoten som turister då brannane oppsto. Dei er tiltalte for brot på brann- og eksplosjonsvernlova, med ei strafferamme på over seks års fengsel. Det er sett av fem dagar til rettssaka. Dei to tyskarane nekta straffskyld då dei vart pågripne av politiet. Det er uklart korleis dei stiller seg til tiltalen i samband med rettssaka som startar i august.
Les originalartikkelen

Relaterte artikler etter nøkkelord