general
Våt sommar for bøndene:–Situasjonen er kritisk
NRK Nordland • 15 Aug 2026, 09:03
Etter fleire veker med regn og få opphaldsdagar slit bøndene med å få ut gjødsel og få inn fôret til vinteren.
– Situasjonen er kritisk. Det har regna i over ein månad i strekk, seier Erlend Harald Dahle, som er bonde i Sømna.
Han fortel at det truleg ikkje blir ein andreslått denne sommaren, fordi at jorda er for våt.
– Dette gresset de ser er råttent. Totalt råttent.
No ventar dei på frosten slik at dei kan få vekk graset.
Les originalartikkelen