general
Mann døydde etter arbeidsulykke på Stord
NRK Toppsaker • 03 Apr 2026, 18:36
Ein mann mista livet i ei arbeidsulykke på verftet til Aker Solutions på Stord fredag ettermiddag.
Det stadfestar operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt.
Avdøde er ein utanlandsk statsborgar i 40-åra. Han døydde som følgje av ein klemskade.
Naudetatane rykte ut då meldinga om ulykka kom klokka 14.38. Det er så langt uklart korleis ulykka skjedde. Politiet opprettar sak etter ulykka.
Dei pårørande til mannen er varsla.
Verftet byggjer nye installasjonar, men har også eit anlegg for opphogging og gjenvinning av eldre plattformer. NRK får stadfesta frå Aker Solutions at det var der ulykka skjedde.
Bildet nedanfor er tatt ved eit tidlegare høve, og viser delar av demoleringsanlegget.
Les originalartikkelen