general

Glimt-smell i Bergen

NRK Nordland • 20 Sep 2026, 19:10

Glimt-smell i Bergen
Først sende Kristall Ingason bergensarane til himmels ved å ta Brann opp til 2–1 mot serieleiar Bodø/Glimt, så vart han sendt rett i garderoben etter å ha takla Glimts Patrick Berg stygt. – Raudt kort sju dagar i veka, sa Jesper Mathisen på TV 2 si sending. Trass massivt Glimt-press på tampen klarte Branns ti menn å stå i mot. Brann sin haustsesong som har vore like grå som haustvêret i Bergen vart nok hakke lysare etter sigeren og tre poeng mot serieleiaren frå nord. Gultrøyene tok føringa i Bergen etter eit kvarter. Jens Petter Hauge fann Andreas Helmersen inne i feltet som putta sitt 11 mål for sesongen. Eggert Aron Gudmundsson og Brann svarte like etterpå. Islendingen fekk plassert ballen i venstre hjørne frå 16 meter. Før Kristall Ingason sette fyr i bergenspublikumet då han tok Brann opp til 2–1. Glimts tap gjere at dei no står likt med Viking med like mange poeng og same målforskjell.
Les originalartikkelen

Relaterte artikler etter nøkkelord