general
Opna SKREI-senteret i Lofoten
NRK Nordland • 19 Sep 2026, 18:52
Laurdag opna kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery det nye SKREI-senteret i Kabelvåg. Etter mange år med planlegging og ein prislapp på 583 millionar kroner er senter offisielt opna.
– Dette er ein merkedag for lokalsamfunnet, regionen og landet, seier Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap).
Nybygget «Otolitten» skal formidle korleis skreien og lofotfisket har forma Noreg økonomisk og kulturelt i over tusen år.
– Dette er det største me har gjort nokon gong i Museum Nord, seier direktør, Geir Are Johansen i Museum Nord.
Tidlegare kulturminister Abid Raja var også til stades. Han stod for det store vendepunktet i 2021 då han, trass tidlegare skepsis, sikra 160 millionar kroner over statsbudsjettet.
– Eg har følgt prosjektet tett frå me bestemde oss og pengane var på plass, men eg har ikkje vore og sett det før i dag. Eg har gått rundt i bygget og har blitt rørt til tårer og eg har sett andre som har gjort det same. Dette er ikkje berre ein historie for nordlendingar, men dette er ein historie me treng å vise for ein heile verd, seier Raja
Les originalartikkelen