general
Vil ha mobil tannklinikk på vegane
NRK Nordland • 25 May 2026, 13:52
Fylkesråd for utbygging og eigedom, Sisilja Viksund (H), vil ha ein mobil tannklinikk i Nordland.
Det var avisa Kulingen som omtala saka fyrst.
– Me må tenkje nytt for å nå dei som bur lengst vekke tenestene, og for å bruke ressursane våre på ein mest mogleg effektiv måte, seier fylkesråden.
Ifølgje fylkesråden er dette fyrst og fremst eit målretta tiltak for dei yngste og eldste pasientane som har lang reiseveg, skriv Nordland fylkeskommune i ei pressemelding.
Den mobile tannklinikken er anslått til å koste opp mot 13 millionar kroner. I tillegg kjem årlege driftskostnader på mellom 2,7 og 3,4 millionar, seier Viksund.
Les originalartikkelen